Vi søker legevikar for sommaren 2022 på sjukeheimane i Rosendal og Husnes
Publicerad | 2024-01-02 |
Placering | Rosendalsvegen 10, Rosendal, Norway |
Kategori | Sjukvård |
Typ av jobb | Heltid |
Description

Vi søker legevikar for sommaren 2022 på sjukeheimane i Rosendal og Husnes
Ynskjer du å arbeidde i eit engasjert team som har hjarte for eldreomsorg?
100 % stilling som sjukeheimslegevikar frå 20.06.22 til 12.08.22.
Arbeidsstad er trinnvis på Rosendalstunet og Husnestunet. Arbeidstida er 37,5 t/veike på dagtid.
Kommunen har i dag 3 sjukeheimslegar og 2 tilsynslegar som også arbeider som fastlegar. Det er eit godt medisinskfagleg miljø og eit godt samarbeid med fastlegane.
Arbeidsoppgåver:
· Medisinsk oppfølging av pasientane på sjukeheimen og kommunikasjon med pårørande
· Samarbeid med spesialisthelsetenesta og den kommunale helsa og omsorgstenesta
· Sjukeheimslegen er knytt til eit tverrfagleg team beståande av sjukepleiarar, ergoterapeut og fysioterapeutar
Kvalifikasjonar:
· Norsk autorisasjon som lege
· Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2. Gjelder ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
· Interesse for eldremedisin og palliasjon
· Erfaring frå eldremedisin eller allmennmedisin er ønskeleg
· Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya, samt har god kunnskap i dokumentasjonsverktøy
· Du må kunna disponera eigen bil
Personlege eigenskaper:
· Fagleg sterk, strukturert og evne til å arbeidde sjølvstendig
· Løysingsorientert og stor arbeidskapasitet
· Gode relasjons- og kommunikasjonsevne
Vi tilbyr:
· Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø der ein får utvikla seg fagleg
· Variert og sjølvstendig arbeid
· Opplæringsdag med fast sjukeheimslege
· Hjelp med bustad
· Løn etter avtale
Kvinnherad kommune gir SVÆRT GODE BETINGELSER -- både for sommervikariat og annet engasjement. Ta kontakt med oss for nærmere avklaring rundt dette.
Søknad vert å senda:
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.